Hopp til innhold
X
Innhald

Marte Mjøs Persen

Marte Mjøs Persen, politikar. Ho er ordførar for Arbeidarpartiet i Bergen etter kommunevalet i 2015.

Marte Mjøs Persen er fødd 24. april 1975 i Oslo og voks opp på Stord. Ho gjekk på Langhaugen videregående skole og Stord vidaregåande skule (musikklinja), har studert ved Universitetet i Bergen og har bachelorgrad i kultur- og samfunnsvitskap (litteraturvitskap og sosiologi).

Mjøs Persen arbeidde som fylkessekretær i Nei til EU i Hordaland til 2008 og som organisasjonssekretær i Human-Etisk Forbund i Hordaland i 2008–11. Sidan 2011 har Mjøs Persen vore heiltidspolitikar, som leiar for helse- og sosialkomiteen i Bergen og frå 2015 ordførar for Arbeidarpartiet i Bergen.

I perioden 2003–07 var ho nestleiar i Raud Valallianse, og ho var kommunestyrerepresentant for partiet i Bergen i same perioden. Etter at partiet Raudt blei danna, melde ho seg ut av partiet. Etter ei tid som uavhengig melde ho seg inn i Arbeidarpartiet i 2008 og har hatt plass i bystyret sidan då. Ho var leiar av Bergen Arbeidarparti og medlem av sentralstyret til Arbeidarpartiet i 2011–15.

Mjøs Persen vil redusere sosiale skilnader, vil ha ein god offentleg fellesskule og lik kvalitet på helsetenester. Rein luft og god eldreomsorg er andre saker ho brenn for. Ho vil vere ein brubyggjar mellom dei ulike politiske fløyene og vil revitalisere lokaldemokratiet ved å gjeninnføre bydelsstyra.

Mjøs Persen har vore aktiv i fagforeininga Handel og Kontor og i LO. Ho har vore styremedlem i Naturvernforbundet i Hordaland og i CISV Norge.

Kjelder

Magne Fonn Hafskor: «Ordførerkandidat fra Åsane», intervju med Marte Mjøs Persen i Åsane Tidende, oppdatert 12.8.2015: http://aasanetidende.no/nyheter/2015/08/05/ordfoererkandidat-fra-aasane/ [lesedato 27.10.15]

Pål Andreas Mæland: «Marte Mjøs Persen (Ap) er Trude Drevlands etterfølger», Aftenposten 14.10.2015: http://www.aftenposten.no/nyheter/iriks/Marte-Mjos-Persen-Ap-er-Trude-Drevlands-etterfolger-8203215.html [lesedato 27.10.15]

Peikarar

Karen Bru: «Byens nye førstedame», Bergensavisen 25.10.2016

Anders Ekanger og Sindre Vik Helgheim: «Avskaff skolegudstjenesten», nrk.no

Magne Fonn Hafskor: «– Min oppgave er å få andre til å skinne», Åsane Tidende, oppdatert 30.10.2015

Geir Kvile og Linda Hilland: «Trillingmor fra Flaktveit blir byens nye ordfører», Bergensavisen 14.10.2015

Først publisert: 19.01.2016
Sist oppdatert: 19.01.2016