Hopp til innhold
X
Innhald

Niels-Henning Ørsted Pedersen

Niels-Henning Ørsted Pedersen, 1946–2005, var dansk jazzmusikar med bass som instrument. Pedersen samarbeidde med ei rekkje musikarar, som Kenny Drew, Dexter Gordon, Don Byas, Ben Webster, Sonny Rollins og Karin Krog.
 
I 1970–80-åra spela han med Oscar Peterson og Joe Pass, og seinare Palle Mikkelborg, Kenneth Knudsen, Ulf Wakenius og Ole Kock Hansen. Pedersen gav også ut album i eige namn.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 


Sist oppdatert: 06.05.2014