Hopp til innhold

Ole Paus

Ole Christian Paus, musikar, forfattar og skodespelar, debuterte som poetisk provokatør og ein del av visebølga i 1970-åra. Med den særeigne røysta, den leikne bruken av språket og dei enkle melodiane er provokatøren blitt omfamna av eit breitt publikum.

Ole Paus er fødd 9. februar 1947 i Oslo. Han gjekk eitt år på Oslo katedralskole, men fullførte examen artium ved Trondheim katedralskole i 1965. Paus har teke enkeltemne i filologi ved Universitetet i Oslo.

Paus har først og fremst vore ein fortolkar av eigne viser. Han debuterte med Der ute – der inne i 1970 og kom med sitt siste nyinnspela soloalbum, Avslutningen, i 2013. Med dei tre utgivingane Paus-posten, Nye Paus-posten og Siste Paus-posten midt i 1970-åra skapte Paus moderne skillingsviser der han, som visediktarar har gjort før han, tok opp dagsaktuelle nyhende og skjemta med dei i viseform. Med satiriske og humoristiske viser og dyrking av sin særeigne songstil nådde han eit nytt publikum og skilde seg ut frå dei andre gitarspelande visesongarane.

I byrjinga av 1990-åra var Paus programleiar for fleire intervjuprogram på TV2 og TV3. Han har også vore skodespelar i fleire filmar og fjernsynsseriar. Paus har gitt ut over 40 eigne plater, publisert 40 bøker i fleire sjangrar og har skrive eit dusin revyar, ein fjernsynsserie og ein libretto.

Allereie i 1976 fekk Paus sin første Spellemannpris for beste viseplate, i 1998 fekk han juryens heiderspris, og i 2013 blei han Årets spellemann. Han fekk også Riksmålsforbundets lyttarpris i 1999, Alf Prøysens Ærespris i 1991, Diktartavla i 2006 og æresprisen til Frelsesarmeen, Booth-prisen, i 2013.

Paus er mest kjend som viseartist, men har ein omfattande produksjon i andre sjangrar. Mest omfattande utanom musikken er karrieren som revyartist og revyforfattar. Revyen Solstreif (1979), der Paus både var forfattar, komponist og skodespelar, blei også skriven om til fjernsynsserie i 1981. Han har også vore filmskodespelar, blant anna i Upperdog (2009), og programleiar. Både TV2 og TV3 nytta Paus som talkshow-vert for høvesvis Hjemme hos Paus (1994) og På tide med Ole Paus (1992–94) då dei skulle etablere seg som konkurrentar til den tidlegare monopolisten NRK.

Lyden av Paus

Medan melodiane er enkle, er tekstane avanserte og røysta noko heilt for seg sjølv. Paus er både narr og hoffpoet. Han har skapt alt frå folkekjære og litt såre låtar som «Mitt lille land» til satiriske viser som «Satan lever», der han røskar tak i dobbeltmoralen i den norske bedehusrørsla. Det er desse kontrastane som skaper artisten Paus.

Tekstane til Paus har heilt sidan byrjinga vore både samfunnsrefs og ordkunst. Med eit stilsikkert språk skildrar han konkrete hendingar, nyttar kjende metaforar og snur dei til noko nytt og uventa. Det er få så stilsikre pennar som har klimpra så sjølvsikkert på gitar i det offentlege rommet.

Paus har ei heilt særeigen røyst og ein eigen songstil. Røysta hans er rusten, og framføringa er skjelvande og tidvis forpint. Han treffer ikkje alltid tonen, men det rustne uttrykket er med på å gjere songane nærmare, satiren frekkare og visene varare.

Fornying i møte med andre

Gjennom samarbeid med andre har han fornya sitt eige uttrykk og skapt viktige bruer mellom sjangrar og kunstuttrykk. I 1973 kom albumet Garman, der han saman med rockebandet The Pussycats foreinte den fornya norske visetradisjonen med rockebølga.

Heile karrieren har han samarbeidd med vennen og forfattaren Ketil Bjørnstad. Låtane som dei spelte inn på guterommet til sistnemnde i 1970-åra, blei i 2016 gitt ut som nettopp Sanger fra gutterommet.

I 1991 overraska den tidlegare svært kyrkjekritiske Paus mange ved å vere med på albumet Salmer på veien hjem, der han saman med songarane Kari Bremnes og Mari Boine nytolkar kjende salmar. Initiativet til prosjektet kom frå Eirik Hillestad og Kirkelig kulturverksted. Dette samarbeidet har halde fram i tiåra etter utgivinga. Med To rustne herrer i 1996 blei Ole Paus og Jonas Fjeld ein sentral viseduo. Samarbeidet med både Bjørnstad, Fjeld og Kirkelig kulturverksted har vore med på å gjere satirikaren og provokatøren Paus varare og varmare.

Kjelder

Lars Roar Langslet: I kamp for norsk kultur. Riksmålsbevegelsens historie gjennom 100 år. Oslo 1999

Terje Nilsen: Beat og piggtråd i Trondheim. En oversikt over grupper og artister fra slutten av 50-tallet til 1970. Trondheim 1991

Bård Ose: «Paus, Ole» i Jan Eggum, Bård Ose og Siren Steen (red.): Norsk pop & rock leksikon. Populærmusikk i hundre år. Oslo 2005

Geir Rakvaag: «Ole Paus på gutterommet», sist oppdatert 20. august 2016, Nye takter, dagsavisen.no: http://www.dagsavisen.no/kultur/musikk/ole-paus-pa-gutterommet-1.767474 [lesedato 2.5.2017]

Spellemann AS: «Arkiv», spellemann.no: http://www.spellemann.no/p/arkiv/ [lesedato 2.5.2017]

Stiftelsen Oslo Katedralskole: «Markante tidligere elever», oslokatedralskole.no: http://www.oslokatedralskole.no/page16931819.aspx [lesedato 2.5.2017]

Peikarar

Nettstaden til Ole Paus 

Først publisert: 12.05.2017
Sist oppdatert: 12.05.2017