Hopp til innhold
X
Innhald

Parmenides

Parmenides, ca. 540–480 f.Kr. var ein gresk filosof frå Elea i Sør-Italia som grunnla den eleatiske skulen. Han avviste tesen til Heraklit om at alt flyt, alt er i endring, jamfør panta rei. Han påstod at all rørsle og endring, alt mangfald, berre er innbilling. Parmenides har vorte kalla den første rasjonalisten i filosofihistoria.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 21.03.2012
Sist oppdatert: 28.03.2012