Hopp til innhold
Foto: Cato Lein/ Forlaget Oktober
Foto: Cato Lein/ Forlaget Oktober
X
Innhald

Per Petterson

Per Petterson, forfattar som skriv realistiske romanar i eit talemålsnært og poetisk språk. Stilen er nøktern og presis, og med allmennmenneskeleg tematikk har han nådd norske så vel som internasjonale lesarar.

Per Petterson er fødd 18. juli 1952 i Oslo. Han voks opp på Veitvet i Oslo og bur no i Aurskog-Høland kommune i Akershus. Petterson gjekk på Groruddalen gymnas, men slutta og tok examen artium som privatist i 1971. Han byrja på bibliotekarutdanninga ved Statens bibliotekskule i Oslo, men slutta etter to år (1973–74).
I perioden 1974–79 arbeidde Petterson i rotasjonstrykkeriet til Allers. Han var seinare tilsett i bokhandelen Tronsmo i Oslo i tolv år, frå 1981 til 1993. I denne tida blei Petterson godt kjend med det litterære miljøet i Oslo, og han både prega og lét seg prege av arbeidet i bokhandelen. Sidan 1993 har Petterson vore forfattar på heiltid.
Petterson debuterte med novellesamlinga Aske i munnen, sand i skoa (1987). Her dukkar Arvid Jansen opp, ein person som går att i fleire av romanane til Petterson, til dømes i Til Sibir (1996), I kjølvannet (2000) og Jeg forbanner tidens elv (2008). Det radikale bokmålet til Petterson gir forfattarskapen språkleg særpreg. Størst internasjonal merksemd har han fått for Ut og stjæle hester (2003), som er omsett til om lag førti språk. Jeg nekter (2012) blei på si side svært godt motteken av norske kritikarar. Han har òg gitt ut essaysamlinga Månen over porten (2004).
Petterson har fått mange prisar. For Ut og stjæle hester fekk han både norske og internasjonale prisar, og i 2013 fekk han Gyldendals litteraturpris for heile forfattarskapen.
(Artikkelen held fram under videoen)
 
Video: Filmsnutten «Per Petterson – et portrett», på NRK Skole
Arvid Jansen-bøkene
Romanpersonen Arvid Jansen blei først introdusert i Aske i munnen, sand i skoa (1987). Novellene handlar om denne seksåringen, som veks opp på Veitvet i Oslo med dansk mor og norsk far. Særleg forholdet til faren, som arbeider på skofabrikk, står i sentrum for forteljingane. Med mild humor opnar Petterson barndomen for den vaksne lesaren, og ein ser alvoret, men også undringa og gleda som vanlege dagar i eit guteliv kan innehalde.
Romandebuten Ekkoland (1989) handlar òg om Arvid, som no er blitt tolv år. I sommarferien hos besteforeldra i Danmark får Arvid ein første smak av vaksenverda. Han opplever venskap og svik, kjærleik og sjalusi, og lèt seg prege av kjenslene. Både språkleg og tematisk er Petterson påverka av amerikanske prosaistar som Ernest Hemingway og John Fante, noko som òg er tydeleg i Det er greit for meg (1992). I denne romanen er ikkje Arvid hovudperson, men i forteljinga om bestekameraten Audun Sletten får vi likevel følgje Arvid gjennom ungdomstida og det tidlege vaksenlivet. Petterson har eit sosialrealistisk perspektiv og viser særleg korleis den vanskelege familiehistoria påverkar utviklinga til Audun. Medan Arvid engasjerer seg politisk på venstresida, held Audun avstand til menneska rundt seg. Det blir likevel tydeleg at han både har klassemedvit og er svært kritisk til autoritetar.
Til Sibir (1996) og I kjølvannet (2000) er blant dei sterkaste bøkene til Petterson. Den første handlar om mor til Arvid, som er forteljaren i romanen og ser attende på oppveksten. Som ofte hos Petterson er det ikkje berre einskildindividet si historie som blir lyfta fram, men også banda mellom menneska i samfunnet rundt det. Særleg forholdet til broren Jesper er skildra med varme, og kjærleiken skin igjennom motsetnadane i personlegdomane deira: Han vil til Marokko, ho vil til Sibir. Sorga etter at Jesper døyr, pregar forteljaren og forholdet hennar til andre menn.
I kjølvannet har ein røffare tone enn Til Sibir. Humoren er ofte svart, men aldri slik at alvoret blir mindre. Arvid er forteljar i romanen, som handlar om sorga hans etter å ha mist fleire familiemedlemer i ein båtbrann. Petterson nyttar sjølvbiografisk stoff for å få trykk i prosaen, og særleg Arvid sitt minne om den omkomne faren, som han aldri kom overeins med, er skildra på ein vond måte.
I Jeg forbanner tidens elv (2008) er det forholdet mellom Arvid og mora som står i sentrum. Ein kreftdiagnose gjer at mora reiser attende til heimlandet Danmark. Arvid, som skal skilje seg, reiser etter. Reisa til Danmark blir samstundes ei reise i tid, og i minna som kvervlar opp, kjenner Arvid anger og sorg over forholdet til mora og faren, men òg over kjærleikstapet i eige liv. Språket vekslar mellom korte og lange setningar, forteljinga mellom fortid og notid, og med lågmælt røyst viser forfattaren at historia og tida går nådelaust vidare.
Fedrar, søner, brør
I Ut og stjæle hester (2003) og Jeg nekter (2012) er ikkje Arvid Jansen til stades, men språket, stilen og tematikken er like fullt umiskjenneleg Petterson. I den førstnemnde romanen har den eldre hovudpersonen Trond flytta frå byen til eit hus ved ein innsjø etter at kona døydde. Han ser attende på sommaren 1948, då han dreiv tømmerhogst saman med faren på setra. I eit gripande språk skildrar Petterson arbeid og samhald, men òg svik og død. Kjenslelivet til personane er ikkje direkte formidla, men kjem til syne bak ein enkel dialog, finhogde setningar og i alt det som ikkje blir sagt. «Du bestemmer sjøl når det gjør vondt», seier Trond, med eit nikk til Jean-Paul Sartre sin filosofi, og bak orda hans kjem smerta og det sårbare til uttrykk.
Jeg nekter er ei velkomponert puslespel-forteljing der Petterson riv opp i gamle sår med kraft. Også denne romanen handlar om forholdet mellom menn, denne gongen om venskapen mellom Tommy og Jim. Etter å ha vore som brør i oppveksten, men seinare mist kontakten, møter dei kvarandre tilfeldig trettifem år seinare. Jim fiskar på ei bru utanfor Oslo då Tommy kjem køyrande forbi med ny Mercedes. Vi ser Petterson sin hang til å velje ut viktige einskildhendingar og -situasjonar. Slik når han essensen i menneskelege røynsler når han skildrar korleis venskap blir til og går over.
Prisar
Petterson har fått ei mengd prisar for romanane sine. I 2000 fekk han Brageprisen for I kjølvannet. I Noreg fekk han Klassekampens litteraturpris, Bokhandlarprisen og Kritikarprisen (alle i 2003) for Ut og stjæle hester, i tillegg til tre franske prisar og to engelske, mellom dei den prestisjetunge International IMPAC Dublin Literary Award i 2007. Etter Jeg forbanner tidens elv gjekk det eit nytt prisskred. Petterson fekk igjen Brageprisen og Kritikarprisen (begge i 2008) og Nordisk råds litteraturpris (2009). I 2012 fekk han Bokhandlarprisen for Jeg nekter.
Kjelder
E-post frå Per Petterson 19.1.2014
Per Thomas Andersen: Norsk litteraturhistorie. Oslo 2012
Heidi Heier: «I klassereisens tid. Stedets performative funksjon i Per Pettersons forfatterskap». Masteroppgåve ved Universitetet i Oslo, 2011
Linn Ullmann: «Lysende om kjærlighet», Dagbladet 20.7.1998: http://www.dagbladet.no/kultur/1998/07/20/125436.html [lesedato 19.1.2014]
Fredrik Wandrup: «Midtveis mellom mor og Mao», Dagbladet 24.9.2008: http://www.dagbladet.no/kultur/2008/09/24/547910.html [lesedato 19.1.2014]
Peikarar

Først publisert: 04.08.2014
Sist oppdatert: 29.10.2014