Hopp til innhold
X
Innhald

Platon

Platon, 427–347 f.Kr. var ein gresk filosof, elev av Sokrates og lærar for Aristoteles. Han opna filosofskulen Akademiet i Athen og grunnla den filosofiske idealismen med idélæra si: Den sanne verda er idéverda, som sanseverda berre er eit veikt bilete av. Ideane er konstante og evigvarande og representerer det fullkomne. Sjela er òg evigvarande, og har i tidlegare eksistens skoda idéverda og har eit svakt minne om henne. Platon-læra er utforma i dialogar, mellom anna Apologien (forsvarstalen til Sokrates), Kriton, Protagoras, Gorgias, Faidon, Symposion. I Staten utviklar han både idélæra og synet på den ideelle staten. Platon var òg ein vesentleg matematikar.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 21.03.2012
Sist oppdatert: 02.05.2012