Hopp til innhold
X
Innhald

Polykleitos

Polykleitos frå Argos, gresk bilethoggar på 400-talet f.Kr.

Han skapte kolossalstatuen av Hera i gull og elfenbein i tempelet i Argos, som har gått tapt. Han laga også fleire atletstatuar i bronse, som Spydberaren og Atlet knyter sigersbindet (450–430 f.Kr.), som er kjende gjennom romerske marmorkopiar. Dei er i høgklassisk stil og uttrykkjer læra hans om dei ideelle proporsjonane for mannsfiguren.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 29.09.2016
Sist oppdatert: 29.09.2016