Hopp til innhold
X
Innhald

Praxiteles

Praxiteles, gresk bilethoggar på 300-talet f.Kr.

Han arbeidde mest i marmor i ein mjuk, seinklassisk stil. Det er omstridd om Hermes med Dionysosbarnet i Olympia-museet er eit originalarbeid. Afrodite stig ned i badet, den første nakne statuen av ei gudinne frå antikken, er kjend gjennom ein romersk kopi.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 29.09.2016
Sist oppdatert: 29.09.2016