Hopp til innhold
X
Innhald

Pythagoras

Pythagoras, ca 580–500 f.Kr., gresk filosof og matematikar. Han påstod at den synlege verda er uttrykk for tal og taltilhøve som utgjer den eigentlege kjernen i tilværet. Han grunnla ein skule i Kroton der han underviste i matematikk og filosofi.
Pythagoras-setninga seier at i ein rettvinkla trekant med sider lik a, b og c har vi at c2=a2+b2. Setninga var truleg kjend av kinesarane lenge før. Pythagoreske tal kallar vi tre tal som oppfyller likninga a2+b2=c2. Tala 3, 4 og 5 er døme på pythagoreiske tal fordi 32+42=52.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 12.04.2012
Sist oppdatert: 12.04.2012