Hopp til innhold
X
Innhald

Roland Petit

Roland Petit, 1924–2011, var fransk dansar og ballettleiar. Petit starta i 1948 Ballets de Paris og skapte sensasjon med balletten Carmen. Han sette i scene ei mengd show og revyar, ofte med hustrua Zizi Jeanmaire som stjerne.
 
Frå 1972 var Petit ballettsjef ved operaen i Marseille i ei årrekkje.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 


Sist oppdatert: 29.04.2014