Hopp til innhold
X
Innhald

Sverre Pedersen

Sverre Pedersen, 1882–1971, var arkitekt og professor i bustadbygging og byplan ved NTH i åra 1920–54.

Pedersen var ein leiande byplanleggjar for så vel hagebyar som bydelar som var regulerte etter barokke, aksiale prinsipp. Mellom anna laga han planen for universitetsanlegget på Blindern i 1923 og byplanar for atterreising av Bodø, Kristiansund og Molde etter den andre verdskrigen. Pedersen restaurerte også Stiftsgården i Trondheim.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 06.10.2016
Sist oppdatert: 06.10.2016