Hopp til innhold
X
Innhald

Sverre Petterssen

Sverre Petterssen, 1898–1974, var meteorolog og professor. 

Petterssen leidde i 1942–45 viktige delar av vêrtenesta til dei allierte under krigen, og han deltok mellom anna i vêrvarslinga for D-dagen, som var med på å utsetje sjølve operasjonen. Petterssen var mellom dei første i verda som studerte vind- og vêrforhold i dei høgare luftlaga og korleis dette påverkar vêret ved overflata. Han gav elles ut eit stort tal vitskaplege avhandlingar.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 


Sist oppdatert: 12.12.2017