Hopp til innhold
Torgeir Rebolledo Pedersen Foto med løyve frå Cappelen Damm.
Torgeir Rebolledo Pedersen Foto med løyve frå Cappelen Damm.
X
Innhald

Torgeir Rebolledo Pedersen

Torgeir Rebolledo Pedersen er forfattar og arkitekt.

Torgeir Rebolledo Pedersen, fødd i 1949, er forfattar og arkitekt. Han har skrive diktsamlingane Tidr (1983), Gule sko. Gå med løvet (1985), Pube (1987), Landskapets hengsler (1988), Stråmann (1990), Han som elsket verden (1993), I krig og kjærlighet er ennå mye ugjort (1995), Verdner Gud engang ga ut (1996), Blåveisfra (1998), Regnestykke for en sky (2000), Ferdskriver (2002), Geitehjerte (2006), Min fars tegnemaskin (2008) og Erfaring og forsvinning (2010). Samlede dikt kom ut i 2004. Pedersen har òg skrive korverk og drama, og barnebøkene God natt lille abbor (2006) og Lammet som ikke ville bli lår (2011). I 2013 fekk han Doblougprisen saman med Karin Moe.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 29.04.2016
Sist oppdatert: 29.04.2016