Hopp til innhold
Vladimir Putin.
Vladimir Putin.
X
Innhald

Vladimir Putin

Vladimir Putin er KGB-offiseren som blei Russlands populære og kontroversielle president, med eit djupt ønske om å gjere landet sitt til ei internasjonal stormakt på ny.

Vladimir Vladimirovitsj Putin er fødd 7. oktober 1952 i Leningrad. Han studerte jus ved statsuniversitetet i Leningrad i perioden 1970–75. Etter studia tok han til å arbeide for den sovjetiske tryggingstenesta KGB. I 1985–90 var han utstasjonert i Dresden i Aust-Tyskland. I KGB nådde han til slutt rangen oberstløytnant. I 1996 forsvarte han ei doktoravhandling i økonomi ved bergverksuniversitetet i St. Petersburg.

I perioden 1990–96 arbeidde Putin som rådgivar i internasjonale spørsmål for Anatolij Sobtsjak, den første valde borgarmeisteren i St. Petersburg. Då Sobtsjak tapte valet i 1996, flytta Putin til Moskva, der han snart skulle få ei rekkje toppstillingar i statsapparatet. I juli 1998 blei han utnemnd til sjef for den russiske tryggingstenesta FSB, og i mars 1999 blei han i tillegg leiar for det russiske tryggingsrådet. I august same året blei han utpeika til statsminister av president Boris Jeltsin. Då Jeltsin trekte seg som president ved årsskiftet, gjekk Putin inn som ny president. Han fekk deretter fleirtal ved presidentvalet i mars 2000.

Putin blei attvald ved presidentvalet i 2004. Ifølgje den russiske grunnlova kan ikkje ein president sitje meir enn to periodar på rad, så til valet i 2008 lanserte Putins parti «Einskapleg Russland» Dmitrij Medvedev som presidentkandidat og Putin som statsministerkandidat, noko som også blei resultatet. Putin stilte på nytt som kandidat ved presidentvalet i 2012 og sit no i sin tredje presidentperiode, som frå 2012 er utvida til seks år.

(Artikkelen held fram under fotoet)

Vladimir Putin. Foto: President of Russia, kremlin.ru (pressefoto)

Vladimir Putin. Foto: President of Russia, kremlin.ru (pressefoto)

Politisk hovudprosjekt: Eit stabilt og sterkt Russland

Hovudmålet til Putin har vore å byggje opp att den russiske staten, sentralisere Russland og på nytt gjere landet til ein sentral aktør internasjonalt. For Putin var 1990-åra eit fornedrande tiår for Russland, som tidvis såg ut til å gå i oppløysing. Særleg kom dette til uttrykk i den første krigen mellom utbrytarrepublikken Tsjetsjenia og Den russiske føderasjonen (1994–96). Men også republikken Tatarstan hadde i 1990-åra utstrekt autonomi. Putins første statsministerperiode og presidentskap fell saman med den andre tsjetsjeniakrigen, der målet har vore ei total reintegrering av Tsjetsjenia i Den russiske føderasjonen.

I 1990-åra var russisk politikk og samfunnsliv prega av mektige næringslivsleiarar («oligarkar»). Putin har ønskt å få større kontroll med næringslivet, anten gjennom direkte statleg overtaking av private bedrifter (til dømes fleire fjernsynskanalar og Mikhail Khodorkovskij sitt oljeselskap YUKOS) eller gjennom sterke statlege insentiv overfor næringslivet. Tidleg i 2000 gjorde Putin det klart at han ikkje ville akseptere at oligarkane blanda seg inn i politikken. Tvangsovertakinga av YUKOS og rettssaka mot Khodorkovskij viste at Putin meinte alvor med dette, og at han kunne nytte domstolane til politiske føremål ved behov.

Russland hadde alt i utgangspunktet eit sterkt presidentstyre, men Putin har styrkt presidentembetet ytterlegare i høve til parlamentet. I den valde dumaen (underhuset) har eit fleirtal sidan 2003 lojalt støtta Putins politikk, medan føderasjonsrådet (overhuset) har fått mindre å seie. Staten kontrollerer òg fjernsynsmediet i Russland, noko som i praksis set grenser for ytringsfridomen. Likeins er sivilsamfunnet blitt sterkt regulert gjennom ei rekkje lover som har gjort det utfordrande å drive frivillig organisasjonsarbeid.

Eit kjent slagord frå den første presidentperioden til Putin er «maktvertikalen», som han har hatt som mål å styrkje. For å oppnå dette innførte han tidleg eit nytt system av sju føderale krinsar (i dag ni) som ein sentraliserande styringsreiskap for Moskva. Dette har òg vore føremålet med nye organ som statsrådet, presidentrådet og samfunnskammeret. Og som ein reaksjon på terroråtaket mot ein barneskule i Beslan i Kaukasus i 2004 bestemte Putin at regionale guvernørar frå då av ikkje lenger skulle veljast, men utpeikast av presidenten sjølv. Målet for terroristane hadde vore at den russiske staten skulle gå i oppløysing, hevda han. Under Putin er Den russiske føderasjonen dermed blitt meir sentralisert og mindre føderativ enn grunnlova frå 1993 tilseier, noko som såleis bryt med det andre slagordet til den tidlege Putin: «lova sitt diktatur».

Har Putin ein ideologi?

Putin framstår gjerne som ein pragmatisk politikar, utan eit altfor tydeleg politisk program. Likevel er det visse kjerneverdiar som går att, og som kan forklare Putins politikk og handlingsmønster elles: ein sterk russisk stat, russisk suverenitet, nasjonal tryggleik, stabilitet og einskap. Putin arbeider for restaurasjon, ikkje for revolusjon. Han framstiller ofte presidentperiodane sine som ei overvinning av «kaoset» i 1990-åra.

På tampen av 1999, rett før han blei offisielt utpeikt som ny president, publiserte statsminister Putin «millenniumsmanifestet» sitt, avisartikkelen «Russland på terskelen til eit nytt tusenår». Her gjekk han rett nok kraftig imot at Russland skulle få nokon ny statsideologi, noko også grunnlova forbyr. Likevel slo han eit slag for det han kalla «tradisjonelle verdiar» for russarar: ein positiv patriotisme, Russland som stormakt og ein sterk stat som skaper orden. Han hevda òg at russarar er kollektivistiske snarare enn individualistiske.

Ifølgje den politiske filosofien til Putin er staten ikkje berre den sentrale aktøren, men jamvel den berande komponenten i den russiske identiteten. Russisk historie er først og fremst historia til den russiske staten – frå mellomalderen via det russiske imperiet og Sovjetunionen til dagens føderasjon. Samstundes oppstår det i russisk historie frå tid til anna ein kaosperiode – «forvirringstida» tidleg på 1600-talet, 1917-revolusjonane, 1990-åra – som staten likevel alltid har evna å reise seg frå. Denne forteljinga er heilt sentral for Putin, som vil stabilisere Russland slik at landet ikkje opplever eit nytt kaos.

Putin har ikkje hatt for vane å ta del i russiske valkampar – valkamp er for opposisjonen. Men før presidentvalet i 2012 publiserte han likevel ein serie avisartiklar om ulike emne. Ein av dei handla om «det nasjonale spørsmålet». Russland er korkje ein multietnisk smeltedigel eller ein «vanleg» nasjonalstat, hevda Putin, men ein «unik sivilisasjon»: ein multietnisk stat rundt ein russisk-etnisk kjerne. Denne forståinga av Russland må like fullt seiast å nærme seg den meir tradisjonelle kategorien «imperium», med eit russisk sentrum og ein samansett periferi. Den russiske sivilisasjonen er for Putin òg utgangspunktet for ein ny «eurasisk» integrasjon i det post-sovjetiske området, noko som blir eit av dei politiske hovudprosjekta i den tredje presidentperioden hans. Ein eurasisk tollunion med Kasakhstan og Kviterussland er verksam frå 1. januar 2015.

Det russiske demokratiet

«Putinregimet» er blitt kritisert både i Russland og i Vesten for å vere udemokratisk og autoritært. Kritiske kommentatorar har karakterisert det som eit «styrt demokrati», ideologar som eit «suverent demokrati». I 2012 nytta Putin sjølv nemninga «russisk demokrati». Han insisterer på at Russland er demokratisk, men at dette demokratiet byggjer på særeigne russiske tradisjonar. Demokrati er ikkje nokon universell standard som skal tvingast på «oss» utanfrå, hevdar han. Det er likevel noko djupt apolitisk ved Putin, som ikkje reknar politisk meiningsbryting, usemje og kamp for å vere av det gode. Han siktar i staden mot overgripande konsensus og eit einskapleg Russland.

Takka vere høge oljeprisar har russarar flest opplevd ein velstandsvekst under Putin. Og trass i vestleg kritikk viser både valresultat og meiningsmålingar at Putin har vore ein svært populær president i heimlandet. Rett nok fall populariteten før valet i 2012, men han har nådd ein ny topp med annekteringa av Krim våren 2014. Like fullt er den utdanna middelklassen i byane etter kvart blitt meir kritisk. Dei meiner at Putin ikkje evnar å modernisere Russland og eigentleg ikkje har noka framtid å tilby dei. Samstundes tyder dei mange nye lovene som er blitt vedtekne i den tredje presidentperioden (til dømes mot open homofili og blasfemi, eller at organisasjonar med utanlandsk finansiering må registrere seg som «framande agentar»), på at Putin no er villig til å ofre den tidlegare oppslutninga hos den liberale minoriteten. Han søkjer no støtte primært hos ein apolitisk majoritet med eit konservativt verdisyn og dragning mot konspirasjonsteoriar.

Eit suverent Russland i ei multipolar verd

Hos Putin finn vi ein sterk identifikasjon med Sovjetunionen – ikkje som kommunistisk prosjekt, men som stat og stormakt. Han har teke fram att fleire sovjetsymbol, til dømes den sovjetiske nasjonalsongen, som i 2000 på nytt blei offisiell nasjonalsong, om enn med ny tekst. Ei av dei mest kjende utsegnene hans er påstanden om at Sovjetunionens kollaps var «den største geopolitiske katastrofen i det 20. hundreåret». Han viste særleg til det høge talet på russarar som med dette hamna utanfor Russlands grenser, men utsegna uttrykkjer òg ein idé om at eit sterkt Russland trengst for å halde oppe ein global balanse utan vestleg dominans.

I den første presidentperioden såg Putin ut til å utvikle eit godt forhold til Vesten, mellom anna gjennom samarbeid med NATO og ein felles kamp mot terrorisme. Dette snudde rundt midten av tiåret. Det mystiske dødsfallet til den tidlegare FSB-tenestemannen Aleksandr Litvinenko i London forverra forholdet til England. Og i rakettskjoldplanane til USA og «oransjerevolusjonen» i Ukraina såg Putin eit forsøk frå USA og Vest-Europa på å nærme seg Russlands grenser og blande seg inn i naboforholda deira.

I München i 2007 heldt Putin ein tale der han kritiserte særleg USA for jamleg å «trakke over grensene sine» og påtvinge eigne normer på andre land. USA opererer med «doble standardar»: Dei gjer det dei sjølve ikkje tillèt at andre gjer. Dei ignorerer internasjonale lover som FN-pakta, og læst som verda er «unipolar». Men ifølgje Putin er verda «multipolar»: Ho består av suverene statar som ser verda ulikt.

(Artikkelen held fram under videoen)

Video: Utdrag frå Vladimir Putin sin tale på Den internasjonale tryggingskonferansen (på engelsk Munich Security Conference, forkorta MSC) i München i 2007.

Eit sentralt omgrep i Putins tenking er såleis «suverenitet». På den eine sida viser omgrepet attende til dei turbulente 1990-åra, då den russiske suvereniteten var truga av oppløysing innanfrå. På den andre sida uttrykkjer det at han ikkje aksepterer noka form for innblanding i russisk politikk utanfrå. Russland vil vere sjølvstendig på alle område. Dette tok han opp att i talen sin i Kreml 18. mars 2014, etter annekteringa av Krim. Russlands framferd i nabostatar som Ukraina og Georgia tyder likevel på at «russisk suverenitet» ikkje er avgrensa til den russiske føderasjonen.

Samstundes som Putin ofte kritiserer Vesten, seier han òg at Russland høyrer til Europa. Faktisk meiner han at det er Russland som no representerer europeiske, kristne verdiar som (Vest‑)Europa sjølv har gitt opp. Parallelt med dette ser han òg Russland som kjernen i Eurasia. Og endeleg representerer Russland sjølv ein eigen, unik sivilisasjon, der ingen demokratimodellar eller andre verdiar skal påtvingast utanfrå.

Kven er Putin?

Kven Putin eigentleg er, har vore eit stadig tilbakevendande spørsmål sidan denne ukjende personen frå byråkratiet på tampen av 1990-åra dukka opp som russisk statsminister og like etter blei president. Journalisten Masha Gessen framstiller han som ein diktator, som tryggingstenesta FSB («silovikane») styrer Russland gjennom. Andre hevdar at medan Putin aktivt framstår som Russlands «administrerande direktør», med eit handlekraftig macho-image, er han først og fremst eit produkt av den uformelle, dynamiske, men likevel sterkt regulerande og korrupte nettverkskulturen som gjennomsyrer russisk politikk og statsapparat. Dette nettverket er ikkje einsarta, men består av fleire konkurrerande grupper, der Putin aktivt manøvrer og formidlar mellom ulike interesser. «Maktvertikalen» er med andre ord ikkje så «vertikal» som Putin vil ha russarane til å tru.

Kjelder

Masha Gessen: Putin. Mannen uten ansikt. Oslo 2012

Fiona Hill og Clifford G. Gaddy: Mr. Putin. Operative in the Kremlin. Washington 2013

Kalle Kniivilä: Putins folk. Rysslands tysta majoritet. Falun 2014

Marlène Laruelle: In the Name of the Nation. Nationalism and Politics in Contemporary Russia. New York 2009

Vladimir Putin: «Rossija na rubezje tysjatsjeletij». Nezavisimaja gazeta 30.12.1999

Vladimir Putin: «Rossija: Natsional'nyj vorpos». Nezavisimaja gazeta 23.1.2012.

Richard Sakwa: Putin Redux. Power and Contradiction in Contemporary Russia. London 2014

Vladimir Putin: «Vystuplenie i diskussija na Mjunkhenskoj konferentsii po voprosam politiki i bezopasnosti», publisert 10. februar 2007: http://archive.kremlin.ru/text/appears/2007/02/118097.shtml [lesedato 20.6.2014]

Vladimir Putin: «Poslanie Prezidenta Federal'nomu Sobraniju», publisert 12.12.2012: http://www.kremlin.ru/news/17118 [lesedato 20.6.2014]

Vladimir Putin: «Poslanie Prezidenta Federal'nomu Sobraniju», publisert 12.12.2013: http://news.kremlin.ru/transcripts/19825 [lesedato 20.6.2014]

Vladimir Putin: «Zasedanie mezjdunarodnogo diskutsionnogo kluba 'Valdaj'», publisert 19.9.2013: http://www.kremlin.ru/news/19243 [lesedato 20.6.2014]

Vladimir Putin: «Obrasjtsjenie Prezidenta Rossijskoj Federatsii», publisert 18.3.2014: http://www.kremlin.ru/news/20603 [lesedato 20.6.12]

Peikarar

Nettstaden til Kreml

Først publisert: 08.10.2014
Sist oppdatert: 10.10.2019