Hopp til innhold
X
Innhald

Paul O. Tomasgard

Paul O. Tomasgard fødd 1941. Lærar, politikar og lokalhistorikar.

Paul O. Tomasgard fødd 1941. Lærar, politikar og lokalhistorikar.

Lærareksamen 1965, og tilleggsutdanning i historie og Norsk ved Norges Lærarhøgskule. Lærar i Sunnylven, og lærar i Hornindal 1969-1987.

Aktiv i arbeidet med å få gjenoppretta Hornindal som eigen kommune 1977. Har hatt ein mengd offentlege ombod frå 1968 til 1991, m.a. ordførar ordførar 1978-1981. Oppvekst- og kultursjef i Hornindal frå 1999. Drivkraft i det lokale historielaget, og har gjeve ut m.a. ættesoge for Hornindal.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 27.02.2011