Peder Furubotn

Peder Furubotn (1890-1975) frå Brekke, busett i Bergen. Snekkar og kommunistleiar.
Han budde nokre barneår på Sande i Sunnfjord der faren dreiv klesstampe og fargeri. Familien flytta seinare til Osterøy. Furubotn gjekk i snekkarlære i Bergen. Der var han frå 1918 førar i arbeidarrørsla, sekretær i samorganisasjonen og leiar i det kommunistiske ungdomsforbundet.
Sekretær i Norges Kommunistiske Parti frå skipinga i 1923, formann 1925-1930. På 1930-talet var Furubotn også medlem av presidiet i den internasjonale kommunistorganisasjonen Komintern (Den Tredje Internasjonale, skipa 1919, oppløyst 1943) som arbeidde for verdsomspennande revolusjon. Etter opphald i Moskva frå 1930 til 1938, kom han tilbake til Noreg og vart deretter sekretær i partiet si Bergens-avdeling.
I krigstida leia han undergrunnsarbeidet, og hadde m.a. ein nær medarbeidar i Schrøder Leonard Evensen. Etter eit bittert indre oppgjer i partiet i 1949 vart Furubotn pressa ut av kommunistleiinga.
Sjå også:
Kjelder
Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane
Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014).
Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.
Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.
Sist oppdatert: 10.08.2010