Hopp til innhold
X
Innhald

Peder Larsson Sunde

Sunde på kontoret. (Foto frå samlinga etter Arne O. Tonning ©)

Sunde på kontoret. (Foto frå samlinga etter Arne O. Tonning ©)

Peder L. Sunde (1850–1937) frå Stryn. Lærar og politikar.

Svigerson til stortingsrepresentant Arne O. Tonning, og bonde på Tonning frå kring 1890. Hadde store kunnskapar i historie, og var mykje nytta som talar. Medlem av kommunestyre, og vararepresentant til Stortinget for Moderate Venstre 1889–1897.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 07.03.2011