Hopp til innhold
X
Innhald

Pelsdyrpionér Ole M. Totland

Ole M. Totland (1871–1967) frå Bryggja var ein av pionérane i norsk pelsdyroppdrett. I 1910 starta han ein av dei første pelsdyr-farmane i Noreg på Marøyna ved Hornelen. Godtfred Fuglestrand frå Bjerkreim var den første ca. 1900. På Marøyna gjekk dyra fritt. Ole Totland reiste med motorbåt frå Bryggja for å fôre og halde tilsyn med dyra.

Eigarane henta sjølv dei første dyra i Canada, der dei var fanga som villrev av pelsdyrjegrar. Totland stilte gard og grunn i pant for å prøve seg i den nye, men konjukturfølsomme pelsdyrbransjen.

Starta på Bryggja

Oljemangel under 1. verdskrig gjorde at han måtte innstille revefarmen på Marøyna, men starta seinare opp med stor revegard på Bryggja.

Aksjeselskap

Aksjeselskap

I mellomkrigstida vart det m.a. på Bryggja og Maurstad starta aksjeselskap som dreiv revefarmar. Sølvrevane vart delvis fanga inn av pelsdyrjegrar i Canada, og eigarane stilte gard og grunn i pant.

Totland hadde før han starta revefarm, levd eit eventyrleg liv som pelsjeger Canada, og opplevde forlis på seljakt i Vestisen. Kring 1910 skaut han ein av dei siste bjørnane i Nordfjord i Skjerdalen i Hyen. Ole M. Totland er nær slekt til Gabriel Totland på Nordfjordeid.

Sjå også:

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 28.04.2010