Hopp til innhold
X
Innhald

Per Birger Lomheim

Foto: Atle Løkken.

Foto: Atle Løkken.

Per Birger Lomheim fødd 1942 i Hafslo. Vegingeniør, bonde og idrettsleiar.

Utdanna som vegingeniør gjennom ulike skular og kurs fram til 1977. Arbeidde ved jordskifteverket i Sogn og Fjordane fram til 1969, då han vart tilsett ved Sogn og Fjordane vegkontor. Frå 1991 har han vore museumsansvarleg for etaten si verksemd i Sogn og Fjordane.

Forfattarskap

Han har vore medforfattar av fleire bøker og skrifter om veghistoriske emne som t.d. Filefjellsvegen, Strynefjellsvegen og Gaularfjellsvegen, og medarbeidar i Sogn og Fjordane- registreringa til «Nasjonal verneplan for vegar» i 2002.

Idrett

Lomheim tok gull og bronse i hopp og sølv i kombinert under veteran-VM i 2004, og har frå før både ein sølv og tre bronse frå same meisterskap. Han vart verdsmeister i hopp under veteran-VM i 2006.

Verv

Lomheim leia arbeidet med bygging av Heggemyrane skisenter på 1980-talet og var styreformann der i ti år. Han var nestleiar i Sogn og Fjordane Idrettskrins 1983-1988 og styreleiar i Sogn og Fjordane Sau- og geiteavlslag 1989-1993.

Bror til Sylfest Lomheim.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 23.03.2011