Hopp til innhold
X
Innhald

Per Bygnes

Per Bygnes fødd 1936 på Karmøy, busett i Hyllestad. Skulemann og politikar.

Per Bygnes fødd 1936 på Karmøy, busett i Hyllestad. Skulemann og politikar.

Bygnes hadde vore lærar i kommunen frå 1962 før han vart skulesjef 1969-1999. Ordførar 1982-1985, først valt på bygdeliste, deretter for Senterpartiet.

Han leia Hyllestad Folkeakademi i 46 år, har vore fylkesleiar for folkeakademia i 10 år og landsleiar i Folkeakademienes landsforbund 1992-2000. Bygnes har interessert seg sterkt for lokalhistorie og var leiar i bygdeboknemnda.

Fekk Hyllestad kommunes kulturpris - Kvernsteinprisen - i 1993. Tildelt Kongens fortenestemedalje i gull i 2006.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 11.04.2014