Hopp til innhold

Per Håland

Per Håland, journalist og redaktør. Med den store teaterinteressa si melde han truleg fleire premierar på Det Norske Teatret enn nokon annan kritikar.

Håland var fødd i Høyanger 7. januar 1919 og døydde 9. oktober 1999. Etter brevkurs frå Bladmannaskulen i 1938 og examen artium frå Volda landsgymnas i 1942 var Håland redaktør i Fjordabladet, politisk medarbeidar i Verdens Gang, redaktør i Vest-Agder og politisk redaktør i Varden, før han redigerte Gula Tidend i 25 år frå 1954 til 1979.
 
Gula-Per blei oppnamnet hans i denne tida. Han hadde ein eineståande sans for spissformuleringar og overskrifter både på bokmål og nynorsk lenge før laussalspressa endra nyheitsjournalistikken. Bygd på sitt eige brennande engasjement for nynorsk og norskdom gjorde han Gula Tidend til ein journalistskule for nynorskskrivande, frå forfattaren Jon Fosse til Magni Øvrebotten, dagleg leiar for Nynorsk mediesenter.
 
Blant kunstformene stod teatret han nærmast. I fleire tiår køyrde han fram og tilbake over Hardangervidda for å dekkje kvar einaste premiere ved Det Norske Teatret for Gula Tidend.
 
I 1967 tok han saman med Anne Gullestad initiativet til å skipe Vestlandske Teaterlag i Bergen. Laget skulle «drive teater tufta på det vestnorske språket og spreie teaterkunnskap i by og bygd, og kjem særleg til å arbeide med barneteater». I 1986 resulterte dette i Hordaland Teater.
 
Kjelder
Ottar Grepstad: Viljen til språk. Ei nynorsk kulturhistorie. Oslo 2006

Først publisert: 25.09.2009
Sist oppdatert: 03.05.2013