Hopp til innhold
X
Innhald

Per Janke Jørgensen

Per Janke Jørgensen fødd 1946 i Narvik, busett i Førde. Teatermusikar. Knytt til Hålogaland Teater frå starten i 1971, deretter fire år ved Den Nationale Scene.

Teatermusikar ved Sogn og Fjordane Teater sidan starten i 1978, der han har hatt ansvaret for dei fleste musikalske arrangementa ved teatret sine oppsetjingar.

Han har også hatt ansvaret for musikken til fleire historiske spel kringom i Sogn og Fjordane, og hatt oppdrag for NRK radio og fjernsyn.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 22.11.2010