Hopp til innhold
X
Innhald

Per Jerving

Per A. Jerving (1928-1980) frå Lærdalsøyri. Overlege ved Lærdal sjukehus frå 1966, då han overtok stillinga etter far sin, «sjukehusbyggjaren» Rolf Ingemann Christophersen.

Jerving var spesialist i kirurgi, og praktiserte i Gjøvik, Sandnes og Tønsberg før han kom til Lærdal. Jerving var overlege til han døydde i 1980. Han deltok aktivt i kampen for småsjukehusa i sjukehussstriden i fylket kring 1970.

I 1974 kjøpte og restaurerte han det verneverdige bustadhuset «Hansegarden» som kjøpmann Jan Henrik Nitter Hansen bygde i 1840. Huset er no freda.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 10.05.2011