Hopp til innhold
X
Innhald

Per S. Hjermann

Per S. Hjermann (1919-1997) frå Stødno. Bonde og Senterparti-politikar.

Per S. Hjermann (1919-1997) frå Stødno. Bonde og Senterparti-politikar.

Medlem av kommunestyret 1954-1959 og 1975-1979, siste perioden som ordførar. Medlem av fylkesting og fylkesutval 1979-1983. Mangeårig styreleiar i Vestlandsavdelinga i Gartnerhallen og medlem av landsstyret. Styreleiar i Vestlandsavdelinga av Landkreditt.

Han var i mange år leiar i Norges Elveeigarlag. Hjermann var mykje nytta som skjønsmann i vasskraftsaker, og arbeidde m. a. med Aurland- og Alta-skjøna.

Son til Per Severin Hjermann og gift med Kristi Hjermann.

Sjå også:

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 22.05.2014