Hopp til innhold
X
Innhald

Per Sande

Per Sande teikna m.a. hovudbygningen på Firda Gymnas. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Per Sande teikna m.a. hovudbygningen på Firda Gymnas. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Per Sande (1890–1977) frå Sandane. Arkitekt. Arbeidde som arkitekt i Bergen, der han m.a. teikna kjende sentrumsbygg som Hotel Terminus, Bergens Elektrisitetsverks hovudkontor, og administrasjonsbygningen til Det Bergenske Damskipsselskap.

På Sandane teikna han Firda Gymnas og ungdomshuset «Gimle». Bror til Ola Sande.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 10.01.2011