Hopp til innhold
X
Innhald

Per Storegjerde

Han har m.a. vore byggjeleiar for flyplassen i Florø og sentralsjukehuset i Førde.

Per Storegjerde fødd 1944, frå Sande på Sunnmøre, busett i Naustdal. Kraftverksdirektør og Høgre-politikar. Ordførar i Naustdal 1987-1991.

Han har m.a. vore byggjeleiar for flyplassen i Florø og sentralsjukehuset i Førde.

Styrar ved Svanøy Stiftelse i to år, før han i 1994 vart direktør for Sunnfjord Energiverk (sjå Førde kommunale kraftverk) fram til 2008.

Storegjerde var styreleiar for bompengeselskapet Naustdalstunnelen AS som finansierte ein stor part av den 5.920 meter lange Sunnfjordtunnelen som vart opna i 1995.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 08.12.2010