Hopp til innhold
X
Innhald

Per Tang

Per Tang i kapteinsuniform.

Per Tang i kapteinsuniform.

Per Tang (1883-1954) frå Hafslo, busett i Oslo. Offiser, kartograf, forfattar og organisasjonsmann.

Eksamen frå den Militære høgskulen i 1907, og arbeidde i generalstaben frå 1909. Frå 1913 knytt til Norges geografiske oppmåling, der han vart leiar av det topografisk-statistiske kontoret. Søkte avskil frå det militære i 1930 og vart uløna major.

Medskipar av Historielaget for Sogn i 1909 og Sognelaget i Oslo i 1914. Var leiar i Sognelaget i fleire år, og utnemnd til æresmedlem der i 1954. Han var også æresmedlem i Historielaget for Sogn. Skreiv fleire topografiske skildringar i bygdebøker og tidsskrift.

Var ansvarleg for tekstane om geografi og topografi i Norsk Alkunnebok frå Fonna Forlag, der han skreiv og samla opplysningar til i alt 10.000 artiklar.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 03.12.2009