Hopp til innhold
X
Innhald

Per Tylden

Per Tylden (1904-1967) frå Sogndal, busett i Bergen og Trondheim. Professor og forfattar.

Per Tylden (1904-1967) frå Sogndal, busett i Bergen og Trondheim. Professor og forfattar.

Cand. philol. 1932. Dr. philos. 1945. Lektor ved Voss landsgymnas 1933-1954, amanuensis ved Universitet i Bergen 1955-1960, dosent same stad 1960-1961. Professor i nordisk språk ved Universitet i Trondheim frå 1961.

Har gjeve ut ei mengd fagbøker om gamalnorsk og mellomnorsk, medforfattar til kåserisamlingane «Ordet» i 1967 og «Ordet går videre» 1969. Medredaktør av boka «Namn i fjellet» 1968, og gav ut ei kåseri- og utgreiingssamling «Tidi kjem aldri att» i 1969.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 17.08.2011