Hopp til innhold
X
Innhald

Peter Andreas Blix

Foto © Fylkesarkivet.

Foto © Fylkesarkivet.

Peter Andreas Blix (1831-1901) frå Stavern, busett i Vik. Ingeniør, arkitekt og kyrkjebergar.

Studerte 1850-1855 ingeniørfag og arkitektur i Tyskland. Tilsett i Kanalvesenet (forløparen til NVE) 1855-1863. Tilsett ved byingeniørkontoret i Bergen 1863-1868. Her teikna han m.a. brannstasjonen i Bergen. Dreiv privat arkitektfirma frå 1868 til 1873, då han vart tilsett som arkitekt og ingeniør i NSB fram til 1878. I denne perioden teikna han mange stasjonsbygningar.

Han teikna også fleire norske hotell, m.a. Mundal Hotell i Fjærland og Fleischers Hotell på Voss. I 1871 skipa Blix vestlandsavdelinga av Foreningen for Norske Fortidsminnesmerkers Bevaring. Denne omfatta Sogn og Fjordane fram til 1983, då det vart skipa eiga fylkesavdeling.

Blix kjøpte Hopperstad stavkyrkje. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Blix kjøpte Hopperstad stavkyrkje. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Restaurering

I 1879 vart Blix medarbeidar til Eilert Chr. Bordtkorb Christie ved restaureringa av Håkonshallen og Mariakirken i Bergen. For å skaffe høveleg byggjestein til restaureringa, vart det lyst i avisene.

Eitt av svara kom frå Vik, der restane etter middelalderkyrkja på Hove var til sals. Blix reiste i 1880 til Vik, men i staden for å frakte steinen til Bergen, kjøpte han Hove kyrkje og restaurerte den for eigne midlar. Sidan gjorde han det same med den falleferdige stavkyrkja på Hopperstad.

Blix er gravlagd i Hove steinkyrkje. Foto: Arild Nybø, NRK.

Blix er gravlagd i Hove steinkyrkje. Foto: Arild Nybø, NRK.

Sjå også:

Eigen stil

Begge restaureringsarbeida er sterkt prega av synet som Blix hadde for korleis slikt arbeid skulle utførast: I Hove-kyrkja er nymåla veggdekorasjonar og takkonstruksjon prega av den rådande «historiestilen» seint på 1800-talet, og Hopperstad-kyrkja er utvendes gjort til ein kopi av Borgund stavkyrkje, med svalgangar, takryttar og drakehovud i møna - sjå Nasjonalklenodiet Borgund stavkyrkje.

Relieff av Peter Andreas Blix.

Relieff av Peter Andreas Blix.

Budde i Vik

Blix budde dei siste åra av livet fast i Vik. Her hadde han i alle år sitt faste «Blix-rom» på Hopstock Hotell. Han er gravlagd under golvet i Hove-kyrkja.

Minnesmerke

I 1981 vart det reist eit minnesmerke over Peter Andreas Blix ved Hopstock Hotell. Bronserelieffet er laga av Trygve Skilbreid frå Stokke. Idrettshallen i Flatbygdi er også kalla opp etter kyrkjebergaren - «Blixhalli».

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 10.06.2011