Hopp til innhold
X
Innhald

Peter O. Tenden

Peter Tenden (1873-1946) frå Stryn. Hotelleigar og rutebilpionér. Han hadde vore nokre år i Amerika før han i 1910 tok over Hotel Central på Visnes frå faren Olai Tenden.

Peter Tenden var den første som freista i starte eit bilselskap i Sogn og Fjordane: I 1899 tok han opp tanken om ei bilrute Visnes-Mindresunde-Faleide, men han la bort planen fordi han ikkje fann høveleg bil til føremålet.

Tenden var medskipar av Fjordenes Automobilselskap i 1914 og første styreleiar i dette selskapet som utvikla seg til Firda Billag.

Hotel Central på Visnes viste seg å verte ein dårleg butikk, difor selde Tenden den store bygningen til fylket i 1914. Fylket brukte det tidlegare hotellet til husmorskule (sjå Skular i Stryn).

Tenden flytta til Oppland og seinare til Sandefjord, der han starta nye hotell. I 1924 selde han villaen sin på Visnes til kommunen, som brukte den til dokterbustad.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 22.01.2010