Preben von Ahnen til Bodøgaard
Preben von Ahnen til Bodøgaard (1606-1675). Amtmann, krigskommissær og godseigar. Ætta kom frå Pommern.
Han overtok ved arv store eigedomar i Noreg i 1629, og vart etter kvart ein av dei største jordeigarane i Noreg på 1600-talet. I 1664 vart han befalingsmann til «Nordlandene» og slo seg til på Bodøgaard (Bodø).
Hærførar
Leia som krigskommissær i 1658 ein norsk hær som øydela dei svenske sølv- og blygruvene i Nasafjäll. Var seinare med på å vinne tilbake Trondhjems len frå svenskane. Amtmann i Nordlandene frå 1660.
Godseigar
Den andre kona hans var Karen Wind, dotter til Iffuer Wind, og såleis vart von Ahnen i 1668 eigar av m.a. Kaupanger- og Stedje-godsa:
Han eigde også store jordeigedomar etter Losna-ætta i ytre Sogn. Alle desse eigedomane i Sogn hamna i 1710 i lagmann Niels Tygesen Knag si eige, då sonen Iver Prebenssøn von Ahnen selde unna.Kjelder
Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane
Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014.
I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. Dette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til den nye eigaren.
Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane.
Sist oppdatert: 26.03.2008