Hopp til innhold
X
Innhald

Vidkun Quisling

Vidkun Abraham Lauritz Quisling, 1887–1945, var offiser og politikar. Quisling danna det nazistiske partiet Nasjonal Samling, NS. Han vart utnemnd av Hitler til "ministerpresident" i Noreg i 1942. Quisling vart i 1945 dømd for landssvik og avretta.

Vidkun Abraham Lauritz Quisling var fødd 18. juli 1887 i Fyresdal og døydde i Oslo 24. oktober 1945.  Quisling var offiser og politikar. Han var med i det humanitære hjelpearbeidet til Nansen i 1922–23 og 1925. Quisling stifta den fascistiske organisasjonen Nordisk folkereisning i 1931. I 1931–33 var han forsvarsminister i bondepartiregjeringa.
 
I 1933 stifta han Nasjonal Samling (NS) i 1933. Partiet lukkast ikkje å kome på Stortinget etter høvesvis 2,2 og 1,8 % ved stortingsvala i 1933 og 1936. Etter kvart vart partiet svekt av indre strid, og Quisling hella stadig meir mot det tyske nazistiske førebiletet.
 
Vidkun Quisling helsar på Josef Terboven vinteren 1943. Ukjend fotograf. Kjelde: Riksarkivet. Fri lisens.
Vidkun Quisling helsar på Josef Terboven vinteren 1943. Ukjend fotograf. Kjelde: Riksarkivet. Fri lisens.
 
I desember 1939 hadde han to møte med Hitler sjølv, der han bidrog til å leie merksemda til Hitler mot nord. Etter dette fekk han store pengesummar til å styrkje partiet, og avisa Fritt Folk kunne kome ut som dagsavis. Quisling proklamerte seg sjølv som statsminister 9. april 1940, men måtte trekkje seg tilbake 15. april etter tysk press, då Administrasjonsrådet vart etablert for å administrere okkupert område. Okkupasjonsmakta erklærte likevel i september 1940 NS som det «statsberande» partiet i landet.
 
 
Vidkun Quisling møtte Hitler elleve gongar. Sjå video frå NRK Skole, frå det siste møtet mellom dei to, i Berlin i februar 1945:
 
 
Ved «statsakta» på Akershus 1. februar 1942 utnemnde rikskommissær Terboven Quisling til «ministerpresident» og sjef for ei «nasjonal regjering» av ministrar som alle var medlemmer av NS.
 
Sjå video frå NRK SKole, der Quisling vert utnemnd som "ministerpresident":

 
 
 
Dei fleste nordmennene såg på han som ein svikar, og samtidig var han ikkje av særleg nytte for tyskarane nettopp fordi han stod svakt i den norske opinionen.
 
Vidkun Quisling (til høgre framme, med lang frakk), Josef Terboven, tyske offiserar og Rikshirden  i 1942. Kjelde: Riksarkivet. Ukjend fotograf. Fri lisens.
 
Vidkun Quisling (til høgre framme, med lang frakk), Josef Terboven, tyske offiserar og Rikshirden  i 1942. Kjelde: Riksarkivet. Ukjend fotograf. Fri lisens.
 
 
Quisling melde seg hos politiet 9. mai 1945. I rettssaka som følgde, vart han tiltala for landssvik, for å ha medverka til avretting av landsmenn og deportasjon av norske jødar til tyske konsentrasjonsleirar.  Quisling vart dømd til døden og dommen vart stadfesta av Høgsterett.
 
Vidkun Quisling vart avretta ved skyting 24. oktober 1945.
 
Sjå video frå NRK Skole Rettssaka mot Quisling
 

Først publisert: 04.02.2015
Sist oppdatert: 23.10.2017