Hopp til innhold
X
Innhald

Aani Rysstad

Aani Rysstad, pressemann, som var den første redaktøren i Nynorsk Pressekontor.

Rysstad var fødd i Hylestad i Setesdal 12. juli 1932 og døydde i Bærum 30. mai 2000. Han tok realskuleeksamen i 1950, kurs i journalistikk 1952–53 og Nansenskulen i 1955.
I 1955 byrja han som journalistlærling i avisa Sørlandet i Kristiansand og var redaktør på Mandal-kontoret til avisa 1956–58. 1958–61 var han journalist i Nybrott i Larvik, så redaksjonssekretær i same avisa 1961–66 og redaktør 1966–70. 1969–1990 var han redaktør og dagleg leiar av Nynorsk Pressekontor i Oslo.
Rysstad var den første daglege leiaren for Nynorsk Pressekontor og bygde kontoret opp frå grunnen av. Han la stor vekt på at kontoret ikkje skulle drive agitasjon i målstriden, og at det skulle vere politisk nøytralt.
Han var pasifist og høyrde heime i arbeidarrørsla. Før han byrja i Nynorsk Pressekontor, var han politisk aktiv. 1963–67 var han medlem av Larvik bystyre for Arbeidarpartiet, 1966–70 var han styremedlem i Vestfold Arbeiderparti. Dei siste åra arbeidde han som skribent og omsetjar.
Kjelder
Ottar Grepstad: Avisene som utvida Noreg. Oslo 2010
Aani Rysstad ofl. (red.): «... allsidig stoff til avisene». 25 år med Nynorsk Pressekontor. Oslo 1994
Herbjørn Sørebø: Medieliv. Oslo 2003
Herbjørn Sørebø: «Aani Rysstad». Nekrolog, Aftenposten 6.6.2000
Nils E. Øy (red.): Pressefolk 1997. Institutt for Journalistikk 1998

Først publisert: 10.11.2011
Sist oppdatert: 25.04.2013