Hopp til innhold
X
Innhald

Abid Raja

Abid Qayyum Raja, jurist, stortingsrepresentant for Venstre frå Akershus og ein ivrig deltakar i den norske samfunnsdebatten. Frå 2020 er han Venstre-nestleiar og kultur- og likestillingminister i Erna Solberg si blå-grøne regjering, og han er den første kulturministeren i Noreg som er muslim.

Abid Raja er fødd 5. november 1975 i Oslo. Han blei cand.jur. frå Universitetet i Oslo i 2001 og tok mellomfag i kriminologi same staden i 2000. Raja studerte menneskerettar ved University of Southampton i 2000 og tok ein mastergrad i vitnepsykologi ved University of Oxford i 2004.

Raja var trainee i to ulike advokatfirma i 2000–02. Deretter var han advokatfullmektig i 2002–05 og advokat i 2005–08. I perioden 2008–12 var han tilsett som nemndleiar i Utlendingsnemnda. Har var politiadvokat ved Politiets utlendingseining i 2011–12 og ambassadesekretær ved den norske ambassaden i New Delhi i India i 2012–13. Sidan 2013 har han vore stortingspolitikar, og i 2020 blei han kultur- og likestillingsminister i regjeringa til Erna Solberg, etter omrokeringane då Framstegspartiet trekte seg frå regjeringssamarbeidet.

Raja har vore aktiv som samfunnsdebattant sidan slutten av 1990-åra. Han blei seinare aktiv i Venstre og var nestleiar i Akershus Venstre i 2009–11, medlem av landsstyret til partiet i 2009–13 og 1. vararepresentant til sentralstyret i 20011–13. Ved stortingsvalet i 2013 blei han vald inn for Akershus frå Venstre og attvald for perioden i 2017–21. Frå 2017 til han blei statsråd i 2020, var han òg parlamentarisk nestleiar, og frå 2020 er han nestleiar i partiet.

Politisk har han i ei årrekkje vore oppteken av innvandring, integrering og minoritetspolitikk. Til langt ut jusstudia var han konservativ muslim og imot likestilling og full ytringsfridom. Men dei dryge siste tjue åra har han endra syn og er no faneberar og forsvarar av dei norske verdiane.

Raja har gitt ut to bøker – sjølvbiografien Talsmann (2008) og Dialog. Om vold, undertrykkelse og ekstremisme (2010), som begge handlar om integreringsspørsmål.

Han har hatt ei rekkje tillitsverv og offentlege verv, mellom anna har han vore talsperson for World Islamic Mission (1999–2001) og medlem av styret i Europabevegelsen (2009–12). Han var òg styreleiar i Minotenk (Minoritetspolitisk tenketank) i 2009–12. I 2008 fekk Man of the year award frå African society og i 2010 Fritt Ords Pris.

 

Kjelder

Abid Raja, stortingsrepresentant, stortinget.no: https://www.stortinget.no/no/Representanter-og-komiteer/Representantene/Representant/?perid=ABIR&tab=Biography#secondaryfilter [lesedato 28.1.2020]

Regjeringen.no: «Kultur- og likestillingsminister Abid Q. Raja (V)», regjeringen.no: https://www.regjeringen.no/no/dep/kud/org/kultur--og-likestillingsminister-abid-q.-raja/id2687554/ [lesedato 28.1.2020]

Jørgen Gilbrant: «Abid om tårene: – Den endelige aksepten», dagbladet.no, publisert 27.1.2020: https://www.dagbladet.no/nyheter/abid-om-tarene---den-endelige-aksepten/72070464 [lesedato 28.1.2020]

 

Peikarar

Ingvald Straume: «En hyllest til Abid Raja», dagsavisen.no, publisert 27.1.2020

Frode Bjerkestrand: «Abid Raja bør være kulturminister for hele landet», bt.no, publisert 28.1.2020 (krev abonnement)

Først publisert: 19.10.2020
Sist oppdatert: 19.10.2020