Hopp til innhold
X
Innhald

Åge Rønning

Åge Rønning, 1925–91, var forfattar og journalist. I perioden 1967–76 var han redaktør for tidsskriftet St. Olav. Rønning debuterte i 1954 med romanen Fotfeste for elskere. Elles gav han mellom anna ut Uro i desember i 1958, Narrenes krets i 1960, De ukjentes marked i 1966, Alle klovner i 1971, Komedien om slottsherrene i 1974, Usynlige tråder i 1979, som han fekk Riksmålsprisen for, Arvingen kommer torsdag i 1981 og Kolbes Reise i 1982, som han fekk Kritikarprisen for. Rønning skreiv òg noveller i samlingane Gjennom gitteret  i 1955, Et satans spill i 1984 og Husker du Scobie? i 1986.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 18.03.2013
Sist oppdatert: 18.03.2013