Hopp til innhold

Agnes Ravatn

Agnes Ravatn, forfattar og journalistisk essayist med ei observant, frekk og morosam form og med ei tydeleg litterær røyst.

Agnes Ravatn er fødd 8. februar 1983 i Ølen i Vindafjord og er no busett i Valevåg i Sveio. Ravatn har teke grunnfag i musikk (2003) og engelsk (2004) og bachelorgrad i nordisk (2005–2007) ved Universitetet i Bergen og har gått på Skrivekunstakademiet i Hordaland (2005). Ho arbeider i avisa Dag og Tid (frå 2008) og er spaltist i Dagbladet.

Ravatn debuterte i 2007 med den kritikarroste romanen Veke 53, om den misnøgde, skilde og middelaldrande lektoren Georg Ulveset. Året etter kom fanzinen Ikke til hjemlån, som ho gav ut saman med Kjersti Rorgemoen, Anja Ulset og Mari Ulset. Dei utfordra den litterære tidsånda og den såkalla gode smaken gjennom kollasjar, teikningar og tekstar. (Ordet fanzine er sett saman av dei engelske orda fan og magazine.)

(Artikkelen held fram under biletet)

Agnes Ravatn kransar bautaen i Ivar Aasen-tunet under Dei nynorske festspela i 2014. Foto: Ivar Aasen-tunet.

Agnes Ravatn kransar bautaen i Ivar Aasen-tunet under Dei nynorske festspela i 2014. Foto: Ivar Aasen-tunet.

I 2009 kom essaysamlinga Stillstand. Sivilisasjonskritikk på lågt nivå. Ravatn gir her eit humoristisk og kritisk portrett av det moderne Noreg. Det er ei samling av «reisebrev frå stader der ingenting skjer», som ho hadde skrive i Dag og Tid. I 2011 gav ho ut Folkelesnad, ei essaysamling om vekeblad. Tekstane var opphavleg publisert som ein serie i Dag og Tid. Ravatn er svært kunnskapsrik og har ein ironisk, frekk og uventa skrivemåte, der ho gjer lite for å skjule seg sjølv. I 2013 gav ho ut romanen Fugletribunalet om TV-programleiaren Allis som begynner eit nytt og anonymt liv som hushjelp for Sigurd Bagge. Romanen dreier seg om skuld og skam og det å begynne på nytt. I 2014 kom boka Operasjon sjølvdisiplin, ei underhaldande sjølvhjelpsbok som byggjer på ein artikkelserie i Dag og Tid. Sidan har ho gitt ut essaybøkene Verda er ein skandale. Ei lita bok om livet på landet (2017) og Stoisk uro og andre filosofiske smular (2018).  

Utdrag frå Fugletribunalet

Eg lukka porten lydlaust bak meg, gjekk over tunet og opp dei få trinna til ytterdøra. Ingen opna då eg banka på, eit lite søkk gjekk i meg. Eg sette veskene frå meg på trappa, gjekk ned og følgde steinhellene som låg som ein sti rundt huset. På framsida opna landskapet seg. Fiolette fjell med spreidde snøflekker kvilte på andre sida av fjorden. Krattskog omkransa eigedomen på begge sider.
      Han stod nede i hagen ved nokre slanke tre, ein lang rygg i ein mørkeblå ullgenser. Han kvapp då eg ropte hallo. Snudde seg, helsa med ei hand og gjekk mot meg i tunge støvlar over den gulgrå marka. Eg drog pusten. Eit ansikt og ein kropp i førtiåra ein stad, han såg ikkje ut til å vere det minste pleietrengande. Eg maskerte overraskinga med eit smil og tok nokre steg imot han. Han var grovbygd og mørk. Såg meg ikkje rett inn i augo, men forbi då han strekte ut neven.
      Sigurd Bagge.
      Allis Hagtorn, sa eg og trykte den store handa hans lett. Ingenting i blikket hans vitna om at han drog kjensel på meg. Kanskje var han berre god til å spele.

Utdrag frå Agnes Ravatn: Fugletribunalet. Det Norske Samlaget 2013. 

I samband med stemmerettsjubileet som markerte kvinners røysterett i 2013, gav Ravatn ut langdiktet Ikkje som var ei av 12 bøker i serien Stemmer. Prosjektet ville vise kva kvinner vil seie, ikkje kva det vil seie å vere kvinne.

Saman Kjersti Rorgemoen hadde ho bloggen Blodklubb (2005–07). Ravatn og Trygve Åslund var redaktørar for Gi lyd (2008), som er ei samling tekstar av Kjartan Fløgstad, og ho omsette Skatten på Sjørøvarøya for Det Norske Teatret i 2011.

Ravatn fekk Natt og Dags Bergenspris i 2007 for Veke 53, og vart i 2011 nominert til Brageprisen i 2011 for Folkelesnad. Same året fekk ho Språkprisen 2011. I 2013 vart ho tildelt Hestenesprisen og fekk same året Romanprisen, dela ut av lyttarar i NRK P2. I 2014 fekk ho Ungdommens Kritikarpris for romanen Fugletribinalet. I 2015 vart Ravatn kåra av Morgonbladet og Norsk Litteraturfestival til ein av dei ti beste forfattarane under 35 år. Agnes Ravatn var festspeldiktar for Dei nynorske festspela i 2014.

Kjelder

Forfattarside om Agnes Ravatn, blamann.no, http://www.blamannbok.no/id/629/agnes-ravatn [lesedato 11.03.2011]

Forfattarside om Agnes Ravatn, samlaget.no, http://www.samlaget.no/Forfattarar/R/Agnes--Ravatn.aspx [lesedato 11.03.2011]

Peikarar

Språkprisen 2011 til Agnes Ravatn

Hestenesprisen til Ravatn

Romanprisen 2013 til Agnes Ravatn

«Agnes Ravatn vert festspeldiktar»

Først publisert: 11.03.2011
Sist oppdatert: 16.08.2019