Hopp til innhold
X
Innhald

Anders Rinde

Anders Rinde, organist, har sett preget sitt på kyrkjemusikken i heimkommunen Gloppen nær heile sitt yrkesaktive liv.

Anders Rinde er fødd 8. august 1953 på Vereide i Gloppen. Han tok artium ved Firda Gymnas i 1973. Han studerte deretter ved Noregs musikkhøgskole og tok kandidateksamen i kyrkjemusikk i 1979. I perioden 1982–1986 studerte han song og songpedagogikk ved Rogaland Musikkonservatorium.
 
Den første stillinga som utøvar hadde Rinde frå 1977 til 1979, då han var organist og korleiar i Misjonssalen i Oslo. I 1983 vart han tilsett som kantor i Gloppen, der han har vore sidan. Parallelt med dette arbeidet har Rinde undervist ved Gloppen kulturskule og var timelærar i musikk ved Firda vidaregåande skule mellom 1983 og 2002.
 
Rinde har hatt ei rekkje tillitsverv, mellom anna som medlem av sentralstyret i Norges kirkesangforbund (1995–2008). Sidan 2007 har han vore medlem av styret for Sogn og Fjordane kulturnettverk (tidlegare musikkrådet), der han har vore styreleiar frå 2008.
 
Rinde fekk Gloppen kommune sin kulturpris i 2001.
  
Kjelder
E-post frå Anders Rinde 15.11.2010 og 27.11.2010

Først publisert: 15.02.2011
Sist oppdatert: 04.02.2013