Hopp til innhold
Anne B. Ragde. Foto: Lasse Berre / Forlaget Oktober.
Anne B. Ragde. Foto: Lasse Berre / Forlaget Oktober.
X
Innhald

Anne B. Ragde

Anne Birkefeldt Ragde er ein fargerik forfattar som skriv i mange sjangrar og for mange målgrupper. Med serien om tre brør på ein familiegard utanfor Trondheim fekk ho gjennombrotet sitt som romanforfattar.

Anne B. Ragde er fødd i Odda 3. desember 1957, men flytta med familien til Trondheim då ho var fire år gammal. Ho tok examen artium ved Trondheim Katedralskole i 1975. I 1984 blei ho cand.philol. ved Universitetet i Trondheim, med hovudfag i engelsk.

Dei første tre åra etter fullført utdanning arbeidde Ragde som universitetslektor ved Universitetet i Trondheim, før ho gjekk over til ein jobb som tekstforfattar i reklamebransjen. Forfattar har ho vore sidan 1986, først på deltid, seinare på heiltid. Ragde er ein fargerik og frittalande person, med sterke meiningar om samfunnet og tida ho lever i.

Debutboka Hallo! – her er Jo!!, frå 1986, var den første i ei lang rad av bøker for barn og unge, mest skjønnlitterære, men også faktabøker. I 1990 kom den første boka for vaksne; romanen En tiger for en engel. Ragde har skrive meir enn 40 bøker og er omsett til over 20 språk. I tillegg til å skrive faglitteratur, dikt, noveller og romanar er ho også ein flittig og mykje nytta kåsør.

Det store gjennombrotet kom i 2004 med Berlinerpoplene, starten på familiekrønika som handlar om tre brør frå garden Neshov utanfor Trondheim. Ramma for forteljinga er familiegarden dei tre brørne vender tilbake til då mor deira ligg for døden. Tematisk kretsar forteljinga kring slekt, løyndommar og livsløgner. Krønika held fram med Eremittkrepsene (2005), Ligge i grønne enger (2007), Alltid tilgivelse (2016) og Datteren (2019). Fjernsynsserien Berlinerpoplene, basert på krønika, var ein stor suksess heilt frå dei første episodane kom hausten 2007. Fleire av bøkene er også dramatiserte for teater.

Ragde fekk Brageprisen for beste ungdomsbok i 2001, Biografien om Sigrid Undset. Ogsaa en ung Pige. For den same boka fekk ho Kultur- og kyrkjedepartementet sin fagbokpris for barne- og ungdomslitteratur. I 2002 fekk Ragde Diktartavla, ein pris som kvart år går til ein markant norskspråkleg lyrikar. For Neshov-bøkene har ho fått Riksmålsforbundets litteraturpris, Bokhandlarprisen og Den norske lesarprisen.

Kjelder

E-post frå Anne B. Ragde 17.4.2017

«Anne B. Ragde», forfattarprofil på Tiden Forlag, tiden.no: http://www.tiden.no/forfatterprofiler/anne-b-ragde [lesedato 12.4.2017]

Maria Roslev: «Anne B. Ragde», forfatterweb.dk: https://forfatterweb.dk/oversigt/ragde-anne-b [lesedato 11.4.2017]

Peikarar

Ole Jacob Hoel: «Vorspielet til Neshov-festen klart», intervju med Anne B. Ragde i Adresseavisa 

NTB: «Klart for nytt møte med familien Neshov», artikkel om dramaserien Berlinerpoplene, vg.no 

Først publisert: 15.05.2017
Sist oppdatert: 03.12.2019