Hopp til innhold

Anne Raknes

Anne Raknes var ein av dei første kvinnelege bilethoggarane i Noreg, og ho var oppteken av fagforeiningsarbeid og mellom initiativtakarane til Norsk Billedhoggerforening.

Raknes var fødd 20. desember 1914 i Kviteseid i Telemark og døydde 17. februar 2001. Ho gjekk på T. Torsteinsons målarskule i Oslo i 1934 og studerte ved Kunstakademiet under Axel Revold, Jean Heiberg og Wilhelm Rasmussen frå 1934 til 1938.
Første studiereisa gjekk til Berlin i 1936. Seinare vitja ho mellom anna Paris og London. Ho fekk Statens reisestipend fire gonger, Schäffers legat i 1939, og Statens garantinntekt frå 1977. Raknes budde på Ekely og arbeidde i Edvard Munchs gamle atelier.
Debuten i 1936 var med eit sjølvportrett på Hauststillinga i Oslo, der ho seinare deltok ved fleire høve. Ho stilte òg ut på kollektivutstillingar andre stader i Norden, og hadde nokre separatutstillingar mellom anna i Kunstnernes Hus i Oslo i 1950.
Under andre verdskrigen teikna ho for avisene Friheten og Arbeiderbladet.
Ho var med på å skipe Norsk Billedhoggerforening i 1946, der ho vart varaformann 1954–57 og styremedlem 1964–66. Ho hadde fleire verv som styremedlem; i Unge kunstneres samfunn 1948–50, Oslo Kunstforening 1956–66, Bildende Kunstnerinners Forening 1964–66 og Bildende kunstneres styre 1964–67.
Raknes laga byster, teikningar og litografi av fleire forfattarar, mellom dei Aslaug Vaa (mor hennar) og Tarjei Vesaas.
Store utsmykkingsoppdrag er Biskop Torlak, Nidarosdomens vestfront 1932 og Monument over falne, Skedsmo 1946.
Arbeid av Raknes finst mellom anna i Nationaltheatret, Deichmanske bibliotek, Aschehoug, Gyldendal, Trondheim kunstgalleri og Nasjonalgalleriet.
 
Kjelder
Edvard Beyer (red.): Norges litteraturhistorie, bd. 5. Oslo 1975
Francis Bull: Norske portretter. Forfattere. Oslo 1956
Øistein Parmann: Norsk skulptur. Oslo 1969
Dorothea Hysing: «Anne Raknes», i Norsk kunstnerleksikon, bd. 3. Oslo 1986
 
Peikarar

Først publisert: 20.11.2011
Sist oppdatert: 22.04.2014