Hopp til innhold
Portrett av Annie Riis. Foto: Aschehoug, med løyve for Allkunne.
Portrett av Annie Riis. Foto: Aschehoug, med løyve for Allkunne.
X
Innhald

Annie Riis

Annie Riis er forfattar og omsetjar. Riis fekk Brageprisen 2001 for "Himmel av stål".

Annie Riis, fødd i 1927, er forfattar og omsetjar. Ho har mellom anna gitt ut diktsamlingane Satura (1975), Himlen er de andre (1982), Satirens tid (1994), Men den som reiser (1996), Ravlys (1998), Himmel av stål (2001) og En som het En (2012). Riis har òg skrive bøker for barn og ungdom, mellom andre En får ikke gi opp heller (1980), Ikke denne jenta, nei (1993) og Katrines bok (1996). Ho romandebuterte i 1988 med Azoras hus og gav ut Fridafrank i 1991. Riis har òg omsett viktige verk frå fransk til norsk, mellom dei Comte de Lautréamonts Maldorors sanger (1988) og Pierre de Ronsards Ta denne rose (1993). Riis fekk Brageprisen 2001 for Himmel av stål

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 29.04.2016
Sist oppdatert: 29.04.2016