Hopp til innhold
Arild Rein
Arild Rein
Foto: Asbjørn Jensen, Samlaget. Nytta etter avtale med forlaget.
X
Innhald

Arild Rein

Arild Rein, mediesky forfattar av hardkokte romanar frå Stavangers tilsynelatande underverd.

Arild Rein er fødd 16. mars 1960 i Stavanger, der han også bur. Han tok hovudfag i litteraturvitskap ved universitetet i Bergen i 1994 og skreiv hovudoppgåve om Marquis de Sade. Etter hovudfaget arbeidde han i fem år i eit flyttebyrå, fordi han ville kombinere intellektuelt arbeid med hardt kroppsarbeid og få kjennskap til halv- og heilkriminelle miljø i Stavanger. No arbeider han som forfattar.
Han debuterte i 1998 med romanen Hundedagane. Grisekoret kom i 2001, Kaninbyen i 2005, medan Stavangertrilogien (2007) var ei samleutgåve. Trilogien framstiller Stavanger frå 1970-åra og fram til 2004, og Rein skriv om småkriminelle som lever i skuggen av ein rik oljeby. Språkleg skriv han rått, frekt og utfordrande, med mykje banning, og han gir ein sivilisasjonskritikk når han skriv om menneskeleg fornedring, utnyttig og manipulasjon.
Vintercamping (2007) er eit lesestykke/underhaldningsstykke der sju kvinner møtest på ein bar etter ei gravferd. Den evige fred (2010) er ein mørk satire, med sex, fyll og korrupsjon på Stortinget i 2021. I 2012 ga Rein ut Songar frå mitt territorium, med underteksten 365 tekstar om kjærleik, vennskap, hat og sorg. Han har skrive manus til filmen Rottenetter, som hadde premiere i 2009. Arild Østin Ommundsen regisserte filmen.
I 2008 blei Rein kåra til Stavanger europeiske kulturbys forfattar av innbyggjarane i byen, og boka Kaninbyen blei trykt i 15 000 eksemplar og delt ut gratis, sjølv om avismeldingane i nærmiljøet hans har vore blanda og til dels svært negative.
Kjelder
Mari Rollag Evensen: «Den er dårleg som f!», nrk.no, publisert 15.9.2008, http://www.nrk.no/nyheter/distrikt/rogaland/stavanger2008/1.6220311 [lesedato 19.9.2011]
Arild Rein, forfattarside, samlaget.no, http://www.samlaget.no/Forfattarar/R/Arild-Rein.aspx [lesedato 19.9.2011]
Jan Zahl: «Arild Reikn. Mitt liv som hund», aftenbladet.no, sist oppdatert 25.9.2008, http://www.aftenbladet.no/kultur/article696736.ece [lesedato 19.9.2011]
Vidare lesing
Reilstad, Jan Inge: "Bare det sanne er vakkert : om Arild Reins Stavanger-trilogi.". Vagant Nr 4 (2004), 11-17

Litteraturliste utvikla av Nasjonalbiblioteket for Allkunne 2011
Tilrettelagt og oppdatert av Allkunne

Først publisert: 20.09.2011
Sist oppdatert: 03.01.2014