Hopp til innhold
X
Innhald

Arild Rypdal

Arild Rypda er forfattar, ingeniør og flygar. Rypdal fekk Rivertonprisen 1992 for "Orakel".

Arild Rypdal, fødd i 1934, er forfattar, ingeniør og flygar. Han har skrive kunnskapsfylte og velskrivne internasjonale thrillerar. Rypdal debuterte i 1991 med Hexagon, og han gav seinare ut mellom andre Orakel (1992), Grønn desember (1993), Kodene i Metrograd (1994), Djevelens stoff (1995), Guds brødre (1997), Intermesso i Praha (1999), Dødens konsulent (2000) og Triangelets herre (2001). Rypdal fekk Rivertonprisen 1992 for Orakel.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 29.04.2016
Sist oppdatert: 29.04.2016