Hopp til innhold
Foto: TV2/ Ivar Aasen-tunet
Foto: TV2/ Ivar Aasen-tunet
X
Innhald

Arill Riise

Arill Ingvald Riise, forfattar, journalist og nyhendeanker for kveldsnyhenda i TV2.

Arill Riise er fødd 5. desember 1958 i Ørsta, og han bur i Ålesund. Riise er utdanna samfunnsvitar ved Universitetet i Bergen frå byrjinga av 1980-åra, og han var tilsett som journalist i NRK i 1983–2003. Frå 2003 til 2006 var han informasjonsleiar i Fiskebåtredernes Forbund, og han har vore tilsett i TV2 sidan 2006.
I NRK var han for det meste knytt til NRK Møre og Romsdal, men han har òg vore programleiar for Norge Rundt (1989), nyhendeopplesar i Dagsrevyen og programleiar for Sommeråpent. I TV2 har han vore programleiar for God morgen Norge, debattprogrammet Landstinget, og sidan hausten 2010 er han saman med Mah-Rukh Ali nyhendeanker for TV2-nyhenda.
Riise har gitt ut tre bøker. I Blå fjordar, blått blod (1994) skildrar han norske og utanlandske kongelege sine private ferieturar på Vestlandet. Livet på Sunnmøre blant bona og dæmmagutta (1998) er ei humoristisk skildring av ulike typar sunnmøringar. Humorboka Sild og Grandiosa (2006) er ein ganske treffande kommentar om korleis den moderne Aalesund Fotballklubb har vore med på å endre forholdet mellom Ålesund og bygdene omkring. Roar Hagen var illustratør i dei to sistnemnde bøkene. Riise var med i dokumentarfilmen Under snøen (2010), som handla om skredulukka på Rise vinteren 1968, der broren hans omkom. Regissør for filmen var Hilde Ranheim.
Arill Riise og Ingvild Bryn blei tildelt prisen Årets nynorskbrukar 2012 av Nynorsk kultursentrum.
Kjelder
Om prisen Årets nynorskbrukar, aasentunet.no: http://www.aasentunet.no/default.asp?id=13423&menu=16 [lesedato 6.6.2012]
Peikarar

Først publisert: 28.09.2012
Sist oppdatert: 11.12.2012