Faktaboks

Asbjørn Rydland
Fødd
27. februar 1976, Seim i Hordaland
Asbjørn Rydland, 2017
Asbjørn Rydland, 2017
Av /𝒲.
Lisens: CC BY SA 4.0

Asbjørn Rydland er ein norsk forfattar som skriv fantasylitteratur. Han debuterte med Drakeguten i 2010, som var første bok i ein serie på fem bøker som fekk Fabelprisen for.

For Med eld i hjartet (2011) fekk han Nynorsk barnelitteraturpris, og for heile serien fekk han Fabelprisen, som blir gitt til bøker i denne sjangeren. I 2019 blei Drakeguten (2011) kåra til ei av dei ti beste ungdomsbøkene som er skrivne på nynorsk etter år 2000. I 2015 kom Fredlaus, som avsluttar Drakeserien.

I 2017 gav han ut Vegandi – Galderstjerna, første bind i ein ny serie, og i 2018 kom oppfølgaren Draumsende.

Rydland har vore aktiv i det norske laiv-miljøet, der ein gjennomfører rollespel med utgangspunkt i figurar frå fantasy-sjangeren.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg