Hopp til innhold
Bent Røiseland. Portrettfoto frå stortingsperioden 1945–49. Kjelde: stortinget.no. ©Stortingsarkivet/Scanpix.
Bent Røiseland. Portrettfoto frå stortingsperioden 1945–49. Kjelde: stortinget.no. ©Stortingsarkivet/Scanpix.
X
Innhald

Bent Røiseland

Bent Røiseland, bonde, stortingsrepresentant for Venstre frå Vest-Agder i nesten 30 år, mangeårig partileiar og parlamentarisk leiar. Han var ein av dei mest markante politikarane i tiåra etter andre verdskrigen og den første som meistra fjernsynsmediet.

Bent Røiseland var fødd 11. oktober 1902 i Holum i Vest-Agder og døydde i Mandal 31. oktober 1981. Han tok examen artium ved Kristiansand katedralskole i 1923 og dreiv heimgarden i Holum frå 1925 til 1960. Han arbeidde som likningssekretær i 1936–40, og han var stortingsrepresentant i perioden 1945 til 1973.

Røiseland var leiar i Holum Venstre i 1930–40, kommunestyrerepresentant i Holum i 1931–40, dei to siste åra i formannskapet. Han var leiar i Vest-Agder Venstre i 1936–40 og 1945–46. Og han var partileiar i Venstre i 1952–64 og var då den første bonden som var leiar for partiet.

Han blei vald inn på Stortinget frå Venstre for Vest-Agder i 1945, og der blei han heilt til 1973. Røiseland var parlamentarisk leiar frå 1954 til 1971 og lagtingspresident frå 1954 til 1969. Størsteparten av tida på Stortinget sat han i utanriks- og konstitusjonskomiteen.

Røiseland var ein folkekjær og respektert politikar. Han hadde humor, blei omtalt som heiderleg, snakka om innvikla saker på ein måte som folk forstod, og meistra fjernsynsmediet. Han var for norsk medlemskap i EU (den gongen EF) og NATO, tok tydeleg standpunkt for Israel i Midtausten og meinte at skulen skulle vere offentleg og ha eit kristent verdigrunnlag. Røiseland var for norsk bistand og mot dødsstraff allereie under rettsoppgjeret etter andre verdskrigen.

Venstre blei splitta etter EF-striden i 1972, og Røiseland melde seg ut av Venstre og var med og stifta Det Liberale Folkepartiet.

Røiseland hadde ei rekkje tillitsverv, spesielt innanfor det kristne organisasjonslivet. Han var leiar i Det Norske Misjonsselskap i Mandal i 1937–49, sat i representantskapet for Vårt Land og Andvake og hadde fleire verv i Agder indremisjon. Han var òg leiar av Holum skogeigarlag og dessutan målmann.

Olav Garvik, Marianne Røiseland og Jens Vetland gav i 2003 ut boka Røiseland. Statsministeren vi ikke fikk.

 

Kjelder

Bent Røiseland, stortingsrepresentant, stortinget.no: https://www.stortinget.no/no/Representanter-og-komiteer/Representantene/Representant/?perid=BER_O [lesedato 3.12.2019]

Gudleiv Forr: «Bent Røiseland», nbl.snl.no, publisert 29.9.2014: https://nbl.snl.no/Bent_R%C3%B8iseland [lesedato 3.12.2019]

 

Peikarar

Hallvard C. Hanssen: «Holum-bonden», dagbladet.no, publisert 26.9.2003

Halfdan Hegtun og Asbjørn Liland (red.): «Festskrift til Bent Røiseland. På 70-årsdagen 11. oktober 1972», tilgjengeleg i Bokhylla, nb.no

Først publisert: 08.10.2020
Sist oppdatert: 08.10.2020