Hopp til innhold
X
Innhald

Bjarne Rabben

Bjarne Rabben, historikar, lyrikar, fråhaldstalar og politikar. Fiske og fabrikkarbeid blei inngangen til yrkeslivet, ordet levevegen og historie profilen hans.

Rabben var fødd i Herøy på Sunnmøre 19. juni 1907 og døydde 4. juli 2003. I perioden 1934–71 arbeidde han nesten utan avbrot for IOGT og Det Norske Totalavholdsselskap.
 
Som skjønnlitterær forfattar debuterte han med romanen I Skarvågen (1941). Mange av dikta hans er blitt tonesette.
 
Han etablerte og leidde Herøy sogelag i 1936, var leiar her til 1972 og redigerte årsskriftet Folk og fortid i femti år. I åra 1962–89 gav han ut åttebandsverket Herøyboka. Klassikaren hans er Sunnmøre innafrå (1978), med si presist og myndig fortalde kulturhistorie om folkelivet mellom 1860 og 1940. Eit anna hovudverk er ei tre bands fiskerihistorie for Sunnmøre og Romsdal, Folk ved havet (1982–83).
 
Bjarne Rabben fekk Kongens fortenestemedalje i både sølv og gull. Ein byste laga av Ola Stavseng blei avduka på Herøy gard i 2004.
 
Kjelder
Ottar Grepstad: Viljen til språk. Ei nynorsk kulturhistorie. Oslo 2006

Først publisert: 16.06.2009
Sist oppdatert: 25.04.2013