Hopp til innhold
X
Innhald

Charlotte Riise

Charlotte Kirkebø Riise, lyrikar frå Ålesund som skriv dikt om kor viktig det er med håp om eit betre liv sjølv om ein blir råka av sjukdom, kroppshat og sakn.

Charlotte Kirkebø Riise er fødd 2. august 1987 i Ålesund, der ho òg bur i dag. Ho gjekk på musikklinja ved Fagerlia videregående skole (2003–07), før ho tok eit år ved Skrivekunstakademiet i Hordaland (2009–10). Ho har ein bachelorgrad i engelsk frå Universitet i Bergen (2010–13). I tillegg til diktaryrket er Riise tilsett som lærar ved Skarbøvik ungdomsskole (frå 2017).

Riise har gitt ut to diktsamlingar. I Eg treng tid til å sakna deg (2012) skriv ho både ordknappe dikt og meir fragmenterte forteljingar. Diktsyklusen tek utgangspunkt i ei storesyster som forsvinn, og dikta spinn rundt emne som minne, sakn og sorg. Eit sørgjande diktar-eg lèt det trivielle få eksistensielt omfang.

I 2014 kom Der vi gøymer løyndommar. Her skriv Riise dikt om korleis det er å leve med bulimi. Gjennom samlinga bruker diktar-eget kroppen som språk for å seie noko om ei skamkjensle og ei frykt for aldri meir å stole på seg sjølv eller andre. Gjennom eit kvardagsleg språk og med konkrete skildringar får ho fram indre konfliktar som spenner mellom kjærleik og hat, kropp og tanke.

Bokmeldarane har gitt Riise mykje ros for korleis ho tek opp vanskelege emne i forfattarskapen sin. I dikta hennar finn lesaren håp, sjølv når livet råkar ein som hardast.

Kjelder

E‑post frå Charlotte Riise 14.10.2017

«Charlotte Riise», forfattarpresentasjon hos Gyldendal, gyldendal.no: http://www.gyldendal.no/Forfattere/Riise-Charlotte [lesedato 10.10.2017]

Peikarar

Kristina Leganger Iversen: «Eit språk for kroppshatet», morenytt.no, sist oppdatert 17.2.2014

Først publisert: 07.03.2018
Sist oppdatert: 07.03.2018