Hopp til innhold
X
Innhald

Egil Johan Ree

Egil Johan Ree, programmedarbeidar i NRK. Han var ein stilkresen kåsør og ein framifrå radiojournalist.

Re var fødd i Høyland 28. desember 1936 og døydde 24. juni 2010. Etter å teke cand.mag.-graden ved Universitetet i Oslo i 1963 arbeidde Ree som programsekretær i NRK Dagsnytt 1963–68 og i utanriksavdelinga 1968–77, medrekna korrespondentår i Moskva 1971–75. Han var redaksjonssjef i NRK Rogaland 1977–88 og programsekretær i NRK P2 1988–93.
I 1993 gjekk han over til aktualitetstimen Her og Nå i NRK P1. I mange år var dei mest daglege, treffsikre og språkpresise kommentarane hans blant høgdepunkta for radiolyttarar. Ree gjekk av med pensjon i NRK i 2005, men heldt fram med å levere kåseri til Her og Nå også etter at han vart pensjonist.
Ree har også omsett ei rekkje bøker. I 2001 fekk han Kringkastingsprisen.
Kjelder
Ottar Grepstad: Viljen til språk. Ei nynorsk kulturhistorie. Oslo 2006

Først publisert: 12.10.2011
Sist oppdatert: 25.04.2013