Hopp til innhold
X
Innhald

Ernest Rutherford

Sir Ernest Rutherford, 1871–1937, var britisk fysikar frå New Zealand. Han var ein pioner i atom- og kjernefysikk. Rutherford påviste i 1903 at alfastrålinga er positivt ladde partiklar. Seinare viste han at dei er heliumkjernar.
 
Rutherford fekk nobelprisen i kjemi i 1908. Han sette i 1911 fram ein teori om at atomet består av ein liten kjerne med eit visst tal positive ladningar omgitt av elektron med til saman like mange negative ladningar. Dette blei grunnlaget for Bohrs atommodell. Rutherford utførte i 1919 den første spaltinga av ein atomkjerne i eit laboratorium.


 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 14.12.2011
Sist oppdatert: 14.12.2011