Hopp til innhold

Frank Rolland

Frank Henrik Rolland, hardingfelespelar frå Hardanger og fylkesmusikar i Hordaland.

Frank Rolland er fødd 5. juli 1973 i Ulvik i Hardanger. Han har gått folkemusikklina ved Fagernes vidaregåande skule. Læraren hans på hardingfele har vore Knut Hamre, og han har sjølv vore lærar for ei rekkje yngre felespelarar ved musikkskular i Hardanger.
I 1996 blei Rolland tilsett som fylkesmusikar i Hordaland, ei stilling der det òg inngår å vere arkivar for Hardanger folkemusikksamling ved Hardanger folkemuseum på Utne. Han har ei utstrekt konsertverksemd regionalt, ofte saman med dei to andre fylkesmusikarane, Reidun Horvei og Einar Mjølsnes, og han har spela i A-klassa på landskappleikar sidan 2002.
Saman med Knut Hamre og Åse Teigland utgjer Rolland gruppa Trio Hardanger, som har gitt ut platene Håstadbøslåttar (1999), med slåttar etter Ola Håstadbø, og I Halldors ånd (2003), med slåttar etter Halldor Meland. Vidare står fylkesmusikargruppa som han er del av, bak plateutgivinga Fyhnd (2008). Saman med Einar Mjølsnes har han òg spela inn plata Nordhordlandsslåttar 2 (2009).
Rolland gav ut den første soloplata si i 2008: Hardingfele. Til liks med Trio Hardanger-platene fordjupar han seg også her i klassiske slåttar frå Hardanger, som han framfører i presise og nyanserike versjonar.
Kjelder
Frank Rolland, e-post 25.11.2010

Først publisert: 31.12.2011
Sist oppdatert: 29.04.2013